Kongshaug tok VM-gull – innfridde løftet til sin avdøde far
Med smertestillande i kroppen var Peder Kongshaug (23) i tårer da gullet på heimebane var eit faktum. No er lovnaden til faren som gjekk bort for 11 år sidan i boks.

Peder Kongshaug tok ein råsterk siger på 1500-meteren i Vikingskipet. Det er det første norske gullet på distansen for herrar sidan Håvard Bøkko tok det i 2011.
I det nest siste paret klokka nordmannen inn på 1:44.64, og stjernene Kjeld Nuis og Jordan Stolz som gjekk sist klarte ikkje å slå tida hans.
– Han slår store gigantar med merittlister lange som bøker. Det er eit ganske stort rykk opp sånn cv-messig, seier skøyteekspert i NRK Even Wetten.
Stolz fekk sølv og Connor Howe tok bronsen.

SMAKTE: Peder Kongshaug etter å ha mottatt gullmedaljen i Vikingskipet.
Foto: Geir Olsen / NTBKom med lovnad til avdød far
Kongshaug var tydeleg rørt da sigeren var eit faktum.
– Det var spesielt. Eg har vunne eit par løp tidlegare, men har aldri kjent dei kjenslene som kom i dag. Det er ein barndomsdraum, og ein har jobba veldig hardt for å stå på toppen av den pallen og kalle seg verdsmeister, seier Kongshaug til NRK.
Ekstra emosjonelt blei det med tanke på at faren Peer Albert Kongshaug gjekk bort i 2014 på grunn av kreft. Da han var liten gut lova han far sin at han skulle bli verdsmeister.
– Han har betydd mykje, men det har vore mange støttespelarar som har bestemt seg for at me skal gjere det beste ut av livssituasjonen me har hamna i. Ein kan ikkje bestemme kva som skjer med deg, men du kan bestemme korleis du reagerer på handa du får utdelt. Så me fekk ein litt dårleg hand, men me har spelt ganske bra. Og eg er stolt over alt me har klart å få til som familie, seier Kongshaug.

HATTEN AV: Peder Kongshaug med verdsmeister-hatten gullvinnaren får gå med etter at sigeren er eit faktum.
Foto: Geir Olsen / NTB– Tenkte du på det undervegs, det du hadde sagt til faren din?
– Eg tenker ikkje på det undervegs i løpet. Da er det ganske mykje anna å tenke på. Men det er klart at etterpå gjekk det ein del gjennom hovudet, når man innsåg kva som faktisk hadde skjedd og legg til:
– Det var mykje kjensler og inntrykk som gjekk gjennom hovudet da man høyrde nasjonalsongen. Man har på ein måte drøymt om det augneblinken her, og så på et eller anna tidspunkt så bestemte eg meg for at det her skulle bli meir enn berre ein draum. Og da å faktisk få det til ... Det har eg eigentleg aldri vore i tvil om at det skulle vere mogleg, men det var spesielt da det først skjedde.
Måtte ta smertestillande
På fredag gjekk Kongshaug i isen da Noreg kjempa om medalje i lagtempoen og han innrømmer at han kjenner smellen på kroppen.
– Det var ingen alternativ å ikkje gå. Men det var nervar knytt til om det kom til å gå med bra bein og bra kropp. Eg har nokre gram Paracet og Voltaren i kroppen min no, så litt smerter var det, seier Kongshaug.
Ungguten Didrik Eng Strand (19) imponerte stort i Vikingskipet med tida 1:45.67 og kom med det på 7. plass.
Gullvinnaren på 5000-meteren, Sander Eitrem fekk det litt tungt og klokka inn på 1:45.75 på plassen bak Eng Strand.
Tidak ada komentar: